Author's posts

Den nye vin

Trua spring ikkje fram av miraklet, skriv Dostojevski, men miraklet av trua. Kjøkemeistern og tenarane i bryllaupet i Kana såg miraklet. Berre Maria og læresveinane såg mysteriet og trua deira såg Guds herlegdom. Jesus lokkar ingen med mirakel, men han opnar himmelske samanhengar. Han avviste alle djevelen sine tilbod i øydemarka som freistingar til å …

Continue reading

Guds søndagsskule

Gud openberrar sine planar for born. Dei vaksne må slite. Ein må innom Guds sundagsskule for å kome til himmelen. Jesus var sjølv ein av desse små. I Guds hus. På søndagsskulen. Han som sjølv er Faderens barn. «Lær av meg,» seier han, «for eg er mild og audmjuk av hjarta. (Mt 11,29). Han, den …

Continue reading

Epifania: “Me har og den same stjerna”

Julestemning kan vere forføreriske greier. Komande sundag openberrar eit møte med ’reality’ som kompletterer julestemninga. Midt i forteljinga står tre vismenn som fylgjer stjerna. Men lyset tent i Betlehem møter mørkret. Og mørkret tok ikkje imot det, så englesongen glei over i rama-skrik. Slik er den verda Herren vart fødd inn i. Gud kallar menneske …

Continue reading

Jonsmesse

Det vi har høyrt, sett og teke på Der Lukas gjev oss juleevangeliets fakta, gjev Johannes oss den teologiske tolkinga i høgstemte vendingar. Det har gitt han ørna som evangelist-attributt. I tradisjonen har han med rette fått tilnamnet ’teologen’. Johannesbreva har like fortent gitt han tilnamnet ’kjærleikens apostel’. Og Openberringsboka er profetisk. Denne mangfaldige mannen, …

Continue reading

«D’er langt sør til Betlehem.»

  Det var det for Josef og Maria og. Enno lengre for Jesus. Vegen er lengre frå himmelen til Betlehem enn frå Betlehem til Golgata. Julenatta viser oss kven Gud er og at Han elskar oss. Han som fann att dei framande, omfemna dei bortstøytte, gjorde til familie dei som avviste Han, gjorde til arvingar …

Continue reading

Maria, Guds mor

Gamle heresiar døyr aldri, dei berre vender attende under nye namn. Ikkje minst hovuddogmet i kristen tru: Inkarnasjonen. Eldste vranglæra i den kristne kyrkja var nettopp fornekting av at Gud verkeleg vart ein av oss. “Too good to be true.” Under eksotiske namn har evangeliet blitt redusert til symbol, poesi, metafor, litteratur, nostalgi. Guds mor …

Continue reading

Frå julegate til øydemark

Det var langt mellom juleborda i øydemarka hjå Johannes. Han drog seg attende for å gi rom for åndeleg konsentrasjon. Ikkje tinga, men tilbedinga. Einsam og mismodig får Johannes kjempe med tvilen. Jesus stemte ikkje med fantasien. Ikkje staseleg og kongeleg nok. Tvil er tvitydig. Guds veg er slik. Ikkje gullskrift i skyene. Men som …

Continue reading

Nytt kyrkjeemblem

Denne hausten har Den nordisk-katolske kyrkja fått sitt eige emblem. Symbolet med Lammet og sigersfana har fylgd kyrkja vår frå starten og finst i det noverande biskops-seglet. Emblemet er teikna av Else Karlstrøm Minde, med fagleg støtte frå Magne V. Kristiansen. Sameleis vart slagordet vald tidleg og mange har blitt glade i det og opplever …

Continue reading

Når Menneskesonen kjem

Når Jesus vender tilbake, skal det vere som på påskedagen. Somme vil hevde at han finst berre i disiplane sin fantasi. Andre vil sjå, høyre, snakke med, ete ilag med, gå tur med og tru. Slik er også Guds rike: «Usynligt vel som sjel og sinn / det nemt dog er å kjenne.» Usynleg for …

Continue reading

Tilgi og bli tilgitt

Det er stor styrkje i tilgjeving. Tenk på Josef: Kidnappa, kasta i ein brunn, omgitt av løgnaktige brør, seld som slave, men gjort til mektig embetsmann. Han tilgav. Den bortkomne sonen kom heim til eit skriftemål. Ein kyrkjelyd skal vere tilgjevinga sin stad. Han vert øydelagd om uforsonlegdom, hovmot, overgrep, sjølvhevding osb får leve vidare. …

Continue reading