Helgendag 14.februar

Kyrillos og Methodios

 

To brør frå Tessalonika i Hellas som på 800-talet misjonerte
dei slaviske folkeslaga i Bulgaria, Kroatia og Mehren i Tjekkia.
 

For å kunne omsetje bibelske og liturgiske tekstar, skapte Kyrillos eit slavisk alfabet (det kyrilliske) som enno vert nytta både i Russland og andre slaviske land.  Dei to brørne utforma også ein slavisk liturgi og vert rekna som dei slaviske folks apostlar.  I Vest-kyrkja vart dei lenge møtt med mistenksame haldningar pga sin medvitne bruk av det slaviske språk og kultur.  Kyrillos døydde 14. februar 869 i Roma. Methodios vart erkebiskop over Mehren og Pannonia (noverande Ungarn). Han døydde 6. april 885.  Saman med Benedikt av Nursia vert Kyrillos og Methodios rekna som vernehelgenar for Europa.   Apg 13,46-49                  Luk 10,1-9

'Herre Gud, du sende brørne Kyrillos og Methodios med evangeliet til dei slaviske folk.  Opne våre hjarte for ditt ord så vi som eitt folk kan stå saman i vedkjenninga av den sanne trua.'