Helgendag 12. mars

Gregor den store

St. Gregor sender munkar til anglosaxarane

St.Gregor med ei due som gir han dei himmelske tonane.

 Gregorsmesse vart frå gamalt feira her til lands denne dag, til minne om den kanskje viktigaste paven nokon gong.  Han har fått tilnamnet den store, eller "Guds konsul" som det står på gravstøtta hans.  Han døydde denne dagen i 604.  Den nye romerske kalendaren har flytta feiringa til 3. september for å kome unna fastetida.

 

Gregor vart fødd 540 i ein fornem familie.  35 år gamal forlot han ei embetsmanns-karriere og vart munk.  Etter ei tid som paveleg diakon i Konstantinopel vart han i 590 som fyrste munk vald til pave.

 

Som pave kalla Gregor seg 'servus servorum Dei' - ein tittel pavane har brukt sidan.  Han organiserte og forvalta kyrkjeleg eigedom og avsette overskotet til diakoni, forbetra kyrkja sine relasjonar til dei germanske folk og sende Augustin (av Canterbury) med ei gruppe benediktinarar som misjonærar til anglosaxarane.  Han reformerte den kyrkjelege liturgi og har gitt namn til den gregorianske songen.

 

Sjøl om han mest alltid var sjuk, var han stadig aktiv og ein framståande predikant, teolog og forfattar.  Ein stor del av skriftene hans er tekne vare på med brev, bibelkommentarar og preiker, alt fulle av praktisk-pastoral vegleiing.   Gregor vert rekna som ein av Vestkyrkja sine fire store kyrkjefedre.

 

«Den største av dykk skal vera som den yngste, og styraren skal vera som tenaren.»                     Luk 22,26