Helgendag 7. desember

 Ambrosius

«Allmektige, evige Gud,
gjennom forkynninga og tenesta åt
den sæle biskop Ambrosius
greip du hjarta til mange menneske.
Gi Kyrkja di gode hyrdingar som fører folket ditt med
visdom og kraft,
ved Jesus Kristus, vår Herre."

var erkebiskop av Milano på slutten av 300-talet og ein av dei ruvande kyrkje-leiarane på den tida kyrkja tok til å prege kultur og samfunnsliv i Vesten.

Han var guvernør i Milano då folket i 374 spontant kravde at han skulle bli biskop trass i at han ikkje var døypt. Han vart ein kraftfull forsvarar av kyrkja si lære imot arianarane som nekta at Jesus var Guds son og som hadde keisaren på si side.

Ambrosius tvang m.a. keisar Teodosius gjere offentleg bot etter å ha gitt ordre til massakre på uskuldige.

Han var ein framståande predikant, teolog og hymnediktar, vert rekna som ein av dei fire store latinske kyrkjefedrane og som kyrkjesongen sin far (Nos 1: Folkefrelsar).

Han døydde denne dagen i 397.