Advent heile året

Kor enorm er ikkje kontrasten blitt mellom kristen adventstid og samfunnet si jule-opprustning. Den eine fastar, den andre går på julebord. Den eine bed «kom, Herre Jesus», den andre feirar vår opplyste velstand.

Advent er vår kristne grunnstilling. Vente på Herren Jesus er vårt livsmotto. Vi trur ikkje at historia er ei opplysningstid. Vi lever for Han som skal fri oss ut or historia sitt mørker. Difor er kyrkjene våre vende mot aust, mot soloppgongen.

entry-into-jerusalem

Vi trur ikkje at framsteget skal redde oss, ikkje at utviklinga skal føre oss lenger fram og høgare opp. Målet vårt er ikkje å samle oss skattar, auke vår levestandard eller styrke vår ære og vår makt. Eller avansere i reinkarnasjonen sitt evige krinslaup.

Difor fryktar vi heller ikkje framtida. Vi reknar med børskrakk, krig, arbeidsløyse, motgong og død. Men tida vår er ikkje forbruk, men nedteljing. Venting på det fullkomne.

Vårt Jerusalem er der vår kyrkje står. Den velkjende inngangsdøra er byporten. Kvar søndag er Jesus på vegen dit, frå Betfage til oss. Han kjem for å røre ved oss. Han underviser oss om vegen, innvier oss i sine himmelske løyndomar og dekkjer sitt julebord for oss. Heile den tida vi er saman på vegen, vert livet vårt vevd inn i hans. Hans tekst vert vår tekst, og det veks fram eit mønster. For kvart vegstykke reiser han himmelstigen og dreg oss inn i sitt nettverk av nåde.

Han besøkjer meg slik Han besøkte Betfage og Betania. I mitt hjarte vil Han bli fødd slik han vart fødd i Betlehem. I livet mitt vil Han bli boren fram som i templet i Jerusalem. Hjå meg vil Han leve dei stille åra i Nasaret i påvente av manns mognad. Med meg vil Han bli døypt i Jordan. Ilag med meg vil Han bli freista i øydemarka. Han kjem til å bli sviken i min forgård. Han må lide på mitt Golgata. Så vil Han døy og stå opp med meg og møte meg att i hagen. Han vil bli teken opp til Faderen på mitt Oljeberg og leve med meg som den usynlege medvandraren alle dagar så lenge verda mi står.

I dag, fleire tusen adventssundagar seinare, gjeld orda ved byporten til Jerusalem: Sei til Sions dotter og til Noregs døtre at det er kongen din som kjem til deg. Audmjuk, på ein eselfole, i evangelieordet, i brødet og vinen på altaret.

Ikkje lat deg lure av norsk ”førjulstid” med sine kunstige stimuli. Det er advent heile året. Ver ikkje sein med å breie kappene dine på vegen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.