Å leva det er å tilgje

Synd og kjærleik heng ihop, seier Jesus. Lite synd, lite kjærleik. Og omvendt.

Guds nåde er som ettergitt gjeld. Den vellukka som aldri har smakt gjeldsslaven si fortviling, har lite å elske.

Tilgongen til Guds nåde er open. Men utan syndserkjenning, ingen syndsvedkjenning og ingen syndstilgjeving. Difor har Gud gitt oss skriftemålet. Absolusjon er sakrament.

Kvinna i dagens evangelieforteljing skrifta med tårene sine. Eller for å seie som David: «Eg har synda mot Herren.» Då svara profeten Natan: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.»

Alt er nåde. Difor søkjer vi Gud og går til messe. Der kan vi gje han alt: Tårer, synder, skam, vår historie, vår alabastkrukke, vår kropp og sjel.

Jesus, meg selv jeg deg bringer
legger med ned for din fot
at du meg evig skal eie
jeg er jo kjøpt med ditt blod!”

Vel møtt til messe på kvinnedagen, 2. sundag i faste, i St Olav kyrkje kl. 11.
Les gjerne Luk 7,36-50

Leave a Reply

Your email address will not be published.