Tema-laurdag om sekularisering

Den årlege tema-laurdagen kjem 9. september. Tema: Som om Gud ikkje fanst. Om sekularisering og kristen tru.

Korleis kan mange menneske leve heile livet utan tanke på Gud?
Kvifor vel truande menneske å leve meir eller mindre som praktiske ateistar?
Korleis har kulturen vår blitt avkristna?

Materialisme, individualisme, sekularisme og pluralisme set den nye dagsorden. Sekularisering set spor etter seg i kyrkjebenken, i kulturlivet, i skolen og i familien. Det er lett å ende som sjølvnytande og gudsforlatt forbrukar og entertainment-maskin.Trusengasjement og kyrkjevanar endrar seg radikalt når Gud vert den gløymde faktoren i livet.

Korleis møter vi sekulariseringa som truande menneske?
Korleis kan trua på nytt kome til å forme og fornye livet?

Dominikanar-prest Haavar Simon Nilsen vil ta for seg dette temaet. Vi startar kl. 12 og held på til ca kl. 15. Det vert høve til spørsmål og samtale. Og kaffiservering. Avslutning med middagsbøn.

Velkomen til St Olav kyrkje, Hatlane, Ålesund denne laurdagen.

Leave a Reply

Your email address will not be published.